lørdag 2. august 2008

Sirkelarbeid (tørrhandling)....

Litt sliten.....
Ted i gang med ei lita leikestund, fekk ikkje snudd bilda mine i dag, anar ikkje kva som er gale





Før ein i det heile tatt bør begynne å trene hunden på hinder bør hunden gått igjennom grunnleggende tørrhandling, dette er for at det då blir lettare for hunden å forstå vart bevegelses mønster og våre signaler på bakken. Då pleier det ikkje være så vanskeleg å lære inn dei ulike apparata på agilitybana (kanskje med untak av kontaktfelter og slalom).
Eg har fire variasjoner som eg veksler mellom at hunden går på min utvendige høgre side, innvendige høgre eller venstre utvendig og venstre innvendig. Hunden skal heile tida springe i min fot posisjon, han skal ikkje lære seg å ligge framfor eller flicke vekk fra sida mi. Sidan Border collies er ein rase som liker å ligge kl 12 i forhold til fører som står klokka seks så kan ein få eit problem at hunden skjer inn foran og det ønsker ein absolutt ikkje. Derfor er det viktig med ein slik hund at ein legg inn mykje oppbremsing slik at hunden heile tida må fokusere og lære seg å holde posisjon.
I desse yttersirklane mine er eg derfor veldig nøye med at huden skal følgje sida mi, hunden skal bråbremse når eg gjer det hunden skal akselere framover når eg gjer det, han skal skifte veg når eg tar eit framforbytte, av og til legg eg og inn svingar på staden 360 grader. Dette er gode anti blind cross øvingar, fordi det er veldig lett for hunden å ville krysse bak deg i 360 graders svinger. For meg og TEd har dette vore ypparleg trening. Med Kelly er det heilt annleis ho kjem opp på riktig side fordi ho aldri har lært seg å gå bak ryggen min.

Innersirklane er primært til for bakombyttene, sjløv om du yter press mot hunden skal den bli ved din side.....
I tillegg til å setje opp ein sirkel med kjegler slik at vi nokolunde veit kor vi skal bevege oss har eg alltid eit bur ståande som dei kan akselerere inn i når vi spring framover på ei rett linje. Hundane mine er mykje raskare enn eg er det er då fint å kunne lære dei å akselerere inn i buret, då drive dei forbi meg og inn i buret, då får du ein hund som ikkje treng å snu seg for å orientere seg om kor fører er henne, dei får nasa fram noko som er veldig vesentleg i agility....
MEd KElly så har ho stor forståelese for sirkelarbeide. Med Ted er del litt vanskeleg enno på høgre side han vil helst komme inn foran, men det kjem seg veldig.
Ein god sirkel for utvendig arbeid bør være caa 20 meter i diameter og ein innersirkel ca 6 meter, altså mykje mindre.
Vi er på besøk hos mamma og pappa, dei har alt for liten plen så sirkelen blei noko mindre, men det gjer ingenting. Ei god treningsøkt vart det lell.........

2 kommentarer:

Siv sa...

så bra skrevet! Kult at du blogger så mye.

Anonym sa...

Oj! Så fint innlegg! Her var det flere ting jeg ikke har fått med meg eller tenkt så mye over før! Smart å sette opp kjegler for å følge med på hvor man løper!