onsdag 23. juli 2008

Kurs med Justine Davenport....

Ted og Justine " Bestevennane "

Her får Mathias ein liten kos hos Sheijpa, som takk for sist..


Dette bildet tok Mathias sjølv av favorittvoffen sin.. Tru det eller ei så har dei faktisk ganske mykje til felles desse to....

Eg har nok ein gong hatt ei fantastisk veke. Eg har vore i Son og gått fire dagar på kurs for Justine Davenport, for dåke som ikkje veit kven denne dyktige dama er så er ho berre 20 år og har gått agility i 10 år.

Eg er berre heilt imponert over kunnskapen og evnen hennes til å sjå dei ulike ekvipasjane. Det er utruleg godt å bli minna på uvaner som vi lett legg oss til. Den første dagen hadde vi om foundations, eg gjekk med Kelly på formiddagen men ho vart litt sliten etterkvart og Ted tok ivrig over. Kelly er allereie mykje betre enn TEd på mange områder, sirkelarbeide, one jump, bakdelskontroll, innsitt på høgre og venstre side og burleikar, ho er ei skikkeleg ivrig dame.
Den store forskjellen på Ted og Kelly er at TEd fekk aldri lære det i den rekkefølgja som no Kelly får. MEn eg er faktisk imponert over kor lett Ted tar ting.
Vi hadde mykje om sirkelarbeid og viktigheten av å ha godt innarbeid tørrhandling før du lar hunden ta hopphinder, vi gjekk og igjennom mange one jump øvingar, det var berre heilt utruleg inspirerande.

Andre dag var det tid for handling foundation +framforbytter, der vi gjekk gjennom teorien bak Greg Derret sitt system, vi trente og mange kombinasjoner (dobbelboks) der Justine såg på framforbyttene våre og timing. Det er heilt utruleg kor viktig små detaljer er. Eg er svært fornøyd med at eg no har god teori i bunn slik at det er lettare å forstå kvifor vi handler som vi gjer.
Det er var nok aller mest spent på var bakombytte dagen, som eg trudde vart den spanande. Eg og Ted har ikkje trent bakombytter så lenge, det fleste byttene satt som berre det, det vart litt vanskelegare når Ted fekk mange valg. Dette meinte Justine kom av manglende sirkelarbeide og av gamle vaner å flicke vekk fra fører. Siste dagen var det banevandring, der vi gjekk igjennom ulike typer baner og der vi kom med forslag til løysninger. Dette var utruleg interessant og vi fekk mange gode diskusjoner. Etterpå gjekk vi banene og det var ganske utfordrande. DET SOM I ALLEFALL ER HEILT SIKKERT ER AT EG HAR MYKJE IGJEN Å LÆRE, men eg fekk likevel mange bekreftelser på at vi har mange gode kvalitetar eg og TEd, og det gir liksom inspirasjon til å stå på videre.
Tusen takk FAnny for at du henta Justine over, og tusen takk Justine for eit supert kurs, eg håpar ho snart kjem igjen.
Eg hadde og med meg Bjørnar og MAthias bortover. MAthias fekk treffe sitt store idol Sheijpa. MAthias har ikkje komme over enno at vi henta heim ein border collie med navn Kelly i staden for ein jaktcocker som han ville kalle Mira.
Tusen takk og til alle som var med på kurset. Det har vore ein stor opplevelse...

Ingen kommentarer: