tirsdag 30. september 2008

Kelly....

" Smil til verden og verden smiler tilbake "
Lille fine Kelly...

Tru det eller ei eg har ein liten hund som allerede har blitt eit halvt år, kor tida blir av det aner eg ikkje.
Kelly har utvikla seg til ei fin lita dame med mykje futt i. Ho er veldig arbedisvillig og i motsetning til Ted utruleg sosial.
Akkurat no om dagen er det naseduttane som står i sentrum, eg har fått Bjørnar til å lage ei fin trapp til meg der eg kan trene inn to av to på +nasedutter. Eg synes sjølv det ser veldig bra ut, ho dytter veldig fint. Ellers har eg jobba mykje med tunnel denne veka. Har brukt buret i andre enden og latt ho springe full fart igjennom og inn i buret, har kombinert det med at når eg roper skal ho svinge, når eg ikkje seier noko så skal ho rett fram. Det fungerer fint, eg har faktisk ein filmsnutt av det, og i dag gir eg meg ikkje før eg får til å legge det ut på bloggen.

Elles så fekk eg meg eit skikkeleg dytt etter Siv og Kry sin flotte debut, i går heiv vi oss på lydighet og trente så det faktisk stod repsekt av oss. Det blir jo berre agility og det går ikkje an.....Trente fri ved foten som begynner å sjå nokså bra ut, eg sette ut Bjørnar som einSTOR forstyrrelse i lag med Mathias for å prøve å lokke henne ut av posisjon, men ho klarte å holde seg på teppet. No får eg berre gradvis utivde framover og leggje ut gode forstyrrelser.

Dekk under marsj og stå under marsj der må eg få skikkeleg signal kontroll først, men viss eg klarer å leggje vekk agilitien av og til så er det stor sjanse for at og dette kjem på plass om ikkje så lenge.
Apporteringa er eg spesielt godt fornøyd med, ho har skikkeleg fin vektforskyvning og nydeleg opptak.
Eg har og siste tida drive mykje med One jump. Eg bruker bumps mellom støttene slik at ho ikkje skal få nokon belastning enno med å hoppe.
Eg har jobba med serpentiner, framforbytter og bakombytter. Det går på fram litt etter litt....

Med TEd har eg dei siste dagane jobba med feltene og nasedutter, eg vil at TEd skal ha ein betre vektforskyvning på feltene enn han har. Eg har og jobba mykje med at han skal forstå min posisjon og å belønne han ofte inne hos meg. Dette er veldig verdifult å jobbe med, det har faktisk ført til at TEd siste halve året ikkje har hatt ein einaste flick vekk frå meg, og det er ganske utruleg tatt i betrakning at han for eit år sidan belønte seg sjølv med dei tunnellane han kunne finne. Ting går framover og i vinter så skal vi blant anna jobbe med svingane våre, sjølvstendighet i slalom, og feltene. Eg har holde rekneskap over konkurransane og TEd har enno ikkje bomma på ein slalominngang i år, og det har vore litt av kvart, men eg treng av og til å kunne stikke tideleg slik at han sjølv må gjere seg ferdig utan å falle for fristelesen å komme etter meg. Vi har komme eit stykke på veg men har langt igjen. NEi no skal eg ut å trene, det er nokon som er så heldig å ha haustferie..... Carpe diem folkens..

1 kommentar:

Anna m Keep sa...

Vad duktig du är med Kelly! Jag har mest latat mig med Keep känns det som, han kan inte alls så där mycket än!