mandag 3. november 2008

Kelly friskmeldt..

Lille Kelly som vart veldig glad for ei god treningsøkt...

I tre veker no så har den vesle voffen til mamma stort sett tatt det med ro, vi har iallefall fått øvd mykje på luktdiskriminering og nouse touches.
Kelly er ein ganske uforsiktig liten hund, for ca 3 veker sidan sprang ho i ein kant heime og begynte å halte.
Haltinga ville ikkje gi seg og resulterte til 3 dyrlege besøk, røntgen og ultralyd. Det kostar lett nokre kroner når ein skal innom eit dyrlege kontor. Det var difor kjekt når eg fekk vite at det ikkje var noko alvorleg, ho hadde slått seg kraftig i ein muskel. NO er ho heilt fin og vi har fått klarsignal på at vi kan begynne forsiktig å trene igjen.

I går såg eg igjennom terminlista i lydighet og fann ut at det passar bra å debutere med Kelly i Flatebyhallen siste helga i januar, då skal eg og TEd gå agility og då kan eg og Kelly like godt hive oss på.
I går hadde vi oss ei flott treningsøkt der eg prioriterte fri ved fot, stå under marsj, fellessitt og fellesdekk med forstyrrelser. Eg har no begynt å gå i skjul og det går veldig fint. I går fekk eg nokon i klubben til å gå rundt Kelly når ho låg, det gjekk veldig bra, ho ligg fint men halen går heile tida. Kelly er så sosial, på tannvisning gjenstår det litt trening, dommaren kjem til å bli rundsleikt. Ho er skikkeleg fin lille Kellyen min...

I dag kjem eg til å prioritere stå under marsj, innkalling med stå, apportering og så litt one jump må vi unne oss i dag.........

2 kommentarer:

Marianne sa...

Så flott at Kelly er bra i foten igjen! Er sikker på at dere kommer til å gjøre stor suksess på lydighetsbanenen til neste år :)

Simen sa...

Hei! Lurte på om du kunne sende meg den skriftlige eksamensoppgaven? =)

Du er så flink med Kelly!