fredag 7. november 2008

Koseleg fellestrening....

Her er den store kelly 7 mnd gammal.......Lykke til med henting av Squid i helga Fanny, bruk tida godt for du ser det går fort....Hels Mikaela og Anna frå meg....
Her er lille Kelly for nokre månader tilbake.........Tida går fort..

I går var eg og Kelly på fellestrening i lydighet. Det var veldig kjekt og konstruktivt, vi fekk gått igjennom mange ting som er vanskeleg å øve på når ein er åleine slik som tannvisning og fellesdekk.
Ho blir fort litt ivrig på tannvisninga, men i går sat ho veldig fint i ro.
Fellesdekken synes eg og er veldig bra, i går trilla Torunn ballar, og gjekk i mellom hundane medan dei låg i fellesdekken, veldig god trening. Eg ser at det å liggje i lag med fremmede hunder på ulike plasser er veldig viktig. Eg vart og kommandert på fri ved foten, dette var veldig nyttig synes eg, Kelly går veldig fint i posisjon, slit litt med høgrevendingar men det er nok fordi det er dei vi har trent minst på. Ellers synes eg at ho har fint fokus og ho klarer å jobbe konsentrert lenger. Eg vart og kommandert på dekk fra holdt og den sitter veldig fint no. Ellers tok eg nokre innkallinger, ho kjem i stor fart og har veldig fine innsitt....
Det går framover med oss litt etter litt. På agilityfronten trenar vi og jamnt og trutt vi jobba med 270 graders sving i går, og uansett kor lang avstand der er mellom hoppa så gå ho på utsida. Det er utruleg kjekt å sjå kor flink ho har blitt, og kor stor forståelse ho allerede har for min posisjon og ulike signal.
Tusen takk til Sonja , Tore og Torunn for ei flott trening....

Ingen kommentarer: