tirsdag 11. november 2008

Gode læringsmål.....


Korleis setje seg gode og konkrete treningsmål ? Det er ikkje alltid like lett å finne seg mål som er like lette å gjennomføre. Eg veit berre at treninga mi før og etter eg byrja med å setje meg konkrete læringsmål ikkje kan sammanliknast. Hundane mine er dyktige på mange områder, det tar eg som eit teikn på at eg har vore flink til å formidle til hundane mine det eg vil ha i ei økt.

Viss ikkje du sjølv veit kva du skal trene på så blir det i beste fall komplett kaos.
Ein av målsetningane eg har med ei treningsøkt er at hundane mine og skal bli endå bedre enn vi var dagen før, dette krever strukturog planleggjing og at du veit heile tida kva du er ute etter.

Det er sjølvsagt forskjell på treningsøkter, nokre gonger bruker du god tid på å forberede ei agilityøkt, andre gonger blir du kasta meir inn i det.

Det eg ser som blir veldig viktig for alle treningsøkter er at eg trener på EIN ting om gangen, eg har bestemt meg på forhånd for kva kriterier eg jobbar i forhold til, kva som skal belønnast og kortid hunden må prøve enå hardare for å oppnå sin belønning,her er det sjølvsagt stor forskjell på om det er nyinnlæring ein driv med enn om atferden er godt etablert. Eg er veldig opptatt av energien i treningsøkta,det skal vere kjekt for begge parter og trene. Eit evinneleg spørsmå i all trening er jo kva skal ein belønne, og kva skal ein ikkje belønne, eg ser i allefall med mine hundar at eg nok har beløna dei litt ukritisk,dei har fått kome for lett til ei belønning, det har faktisk og ført til at ein ikkje får den rette intensiteten i ein øvelse. Får hunden alltid for lette arbeidsoppgaver og alltid blir belønna for det minste forsøk så seier det seg sjølv at det gjerne på sikt blir lite utfordrande.

Eg tenkjer som så at desto lenger ein har kome i utdannelsen desto meire blir det krevd av deg.
Det vil seie at skulle TEd komme til å ta 11 portar i slalomen så seier det seg sjølv at det ikkje er noko som eg vil belønne når eg veit at hunden kan det.
Men god trening handler om å dele treninga og atferder opp i små posjoner slik at det blir lettare for hunden å fordøye all informasjonen, holde seg til gode kriterier og holde dei dynamiske slik at hunden alltid får ein utfordring i treninga, variere belønninga og belønningsmønster slik at vi ikkje blir forutsigbare i treninga.Ein annan ting som eg har hatt stor glede av er gode overganger mellom arbeid og leik, dette sparer ein tid påog ikkje minst får ein flyt i treninga utan avbrudd, hunden skal vere den som tar initiativet til treninga.

Ein siste ting som eg veldig gjerne vil nevne er dette med kjeding, at hunden tidleg lærer seg å måtte jobbe lenger og lenger for ein belønning.

Eit stort skille mellom konkurranse og trening er ofte at i trening får hunden mange små belønningar , medan i konkurranse må hunden gå mykje lenger for å få belønning. For å motvirke dette og tidleg styrke hunden sin kunnskap kan du på eit tideleg stadium fortelje hunden at nokre gongar går det lengre tid før ei belønning kjem.

Då blir det aldri vanskeleg i ein konkurransesitausjon for då er hunden vant til å utføre fleire atferder etter kvarandre......Hunden lærer seg og at det er ingen grunn til å gi opp om ikkje belønninga kjem med ein gong,det er berre å stå på vidare....

I forhold til kjeding er og den unge hunden er det og ekstremt viktig å trene imange ulike miljøer og ikkje minst og overtrene på forstyrrelser.....

Ingen kommentarer: