søndag 16. november 2008

" We just hit the ground running "......

I farta......

Gårsdagens eminente treningsbane hopp 3.


Dette sitatet er tatt ut av filmen til Susan Garett "Sucess with one jump", der Susan snakker om skilnaden på Buzz og Encore sine to eminente border collies. Ho fortel om Buzz somalltid har hatt problemer med å finne linja framover, han ser litt på Susan og litt fram og Encore som lærte frå starten å sjå fram og finne linja i banen. Det samme når det gjeld tørrhandling og One Jump. Med Ted har eg gått ein lang og lærerik veg han fekk aldri lære seg denne grunntreninga alt har komme etter kvart som vegen har blitt til. Det har vore ein kjempejobb å gjere om på alt som han har lært seg feil, fordi ein rett og slett ikkje har hatt kunnskap om dei rette tinga.


Med Kelly er det heilt annerledes, ho er godt grunntrent både med tørrhandling og One Jump,og det er så morosamt er at når eg no har sett opp små kombinasjoner til ho så går ho som ein draum.
I går sette eg opp ein dobbelboks, ho går så fint. Først øvde eg på lead out pivot,eg belønna fleire gonger berre for at ho såg fram på linja, kallte ho så inn og belønte. Etterkvart var det ingen problem å sette på framforbytte. Eg sendte ho og rundt 270 sving der ho måtte gå sjølvstendig og eg fekk lagt inn eit diagonalt framforbytte. Ho er berre rå den lille voffen min, og så er ho så lærevillig. Så folkens eg vågar å påstå at god grunntrening er alt.
I går var vi i Retrieverklubben og trente i lag med Line og Rune, og som alltid når Line er med har ho funne gode baner med mykje utfordring, ho har og eit godt og konstruktivt blikk når du går. Og det var verkeleg ein knall bane. Sidan eg og TEd skal til Hamar til helga og gå agility så passte det perfekt med ein gjennomkjøring.
I går fokuserte eg veldig på å vere roleg og å la han sjølv søke i slalomen slik at eg berre kan plassere meg. Startar som vert veldig stillesståande har ofte vore ein vanskegrad for meg og TEd, men no har han blitt mykje flinkare til å lese posisjonen minog då er farten meir tilpassa svingen.
Gårsdagens treningsøkt var berre knall, tusen takk Line og Rune......
Line ho filma oss i går så viss du vil sjå kan du gå inn på Line Coucheron si heimeside, der ligg filmen nederst på bloggen..
Ha ei sporty veke alle saman..

Ingen kommentarer: