søndag 23. november 2008

Tur til Hamar....


Hopp 3
Det er veldig dumt at banene her blir litt utydelege, banene var strålande, gode, tekniske og raske baner.....

Agility 3

Fine vakre gutten min.........


Fredags ettermiddag heiv vi oss i bilen til Hamar og Vikingskipet. Det såg lenge stygt ut for om vi kunne reise Bjørnar og Mathias låg med feber heile veka. Eg lesste inn alle i bilen og i veg bar det....
Vi kom vel fram på fredagsnatta ein gong. Lørdags morgonvar det tidleg opp så bar det i veg. Då vi kom til Vikingskipet var det kø, kø og atter kø, men slik er det på store arrangement. Eg var utruleg spent på banene, men eg hadde ingen grunn til til engstelse, banene var knall.
Eg møtte og Thomas og Fanny og lille Squid som faktisk må vere det mjukaste eg har kjend. Ho var verkeleg vakker, så eg gledar meg til eg skal stå å sjå Squid gå agility, det blir bra.
Vi byrja med hopp 3 og det var ca 80 startande foredelt på både Noreg, Sverige, Finland og Danmark.
Eg starta ca midt i feltet noko som passar meg bra. Eg har sett at viss vi får veldig seine startnummer så blir Ted ståandes og stresse ein del då kan det lett slå feil veg. FAnny var så snill at ho beli med meg ut på bana for å sjå på atlernativa,veldig kjekt Fanny. Fanny fekk seg dessutan to napp til med Shejpa på fredagen, så no Fanny er det klasse 3 rundt neste hjørne.
Ted gjekk eit flott løp,dessverre fekk vi med oss eit riv, ein oxer som stod rett før pølsetunnelen, eg såg han vart litt lav og tok med seg ein pinne, resten av løpet er eg godt fornøyd med. Vel med 5 feil i det selskapet så kjem du eit stykke ned på lista,men det som gledar meg mest er at eg nok har ein av dei raskaste hundane på tid, vi skal berre slå til med feilfritt, då trur eg til og med finnane på passe seg. Men dei var nok i ein klasse for seg iallefall i large, dei satsa absolutt alt. Det var utruleg mykje god agility og sjå,og det gjer at konkurranseinstinktet mitt vaknar endå meir, for vi er så nære. VI har nok ikkje same rutinen som mange av dei som gjekk men Tedden går utruleg bra.....
I agilitien var eg nest siste ut, dette blei lang ventetid for Tedden , han var litt stressa då han kom ut, det resulterte i ein tjuvstart og når han begynner å bråke litt med meg på startane då dett litt av fokuset.
Det var ein kjekk start på agilitybana, desverre sådiska vi på denne bana, eg sklei litt med eine tunnelen det var nok til at eg ikkje kom meg i serpentinposiisjon etter stigen og då gjekk han rett i feil tunnelinngong, ingenting å gjere med det. Vi susa ut banen. Det var mykje imponerande agility å sjå og ikkje overraskande blei det finnane som gjorde det stort i allefall i large. Det var rett og slett imponerande å sjå på Jaakko når han geleida hunden sin rundt banen, han var til stor inspirasjon.
Vil og gratulere Katja som vann fredag i klasse to liten, godt gjort Katja, flinke e dåke...Og sjølvsagt til Dorte og Luke som gjorde ein flott figur i Vikingskipet...
Vel vi var ferdige klokka tre lørdag og då bestemte vi oss for å vende nasa heim att over, vi kom heim på natta ein gong.
Vel søndag stod eg tidleg opp fylt med inspirasjon til ei god treningsøkt, eg og TEd gjekk i gong med operasjon nasedytter, det ser veldig bra ut no, ellers trente vi litt på starten i agilitien noko som han ikkje hadde trøbbel med. Eg tok samme start med Kelly,og ho tok det som ingenting, ho er flink den vesle voffen min.
Vi terpa og på fri ved fot, har og baklengskjeda ein del øvelser i klasse 1 og 2. Grunnen til at eg har begynt litt med klasse 2 øvelser er at eg har jobba ein del med ruta så då fekk eg mykkje gratis på feks utsending til kon med stå i klasse 2. Jobba og med hoppet i klasse 1 og apportering av metall. Eg sendte metallapporten over hoppet på gøy Kelly kom fint tilbake over hoppet med den, eg var gjerne litt flaksen, men det er viktig å gi hu kor Ted går inn for oppgåva hundane likar utfordring. Eg og TEd jobba og forresten med signalkontroll på " suss ", det er heilt tidig å sjå, mamma synes det var det eklaste ho hadde sett. Litt seinare på dagen jobba eg med serpentin handling med begge to, samt bakombytter med Kelly..
Til helga kjem Maria HAgstrøm og det gledar eg meg til.
Neste stevne er Follo i januar, og då kjem vi sterkt tilbake............Ha ei flott treningsveke,det veit eg at eg iallefall skal ha, det er berre å stå på viss ein skal bli BEST.........(he, he)

1 kommentar:

Anonym sa...

Det kommer dere til å bli også!