onsdag 4. november 2009

Travle dager .....

Lille Kelly ute på lufting....
HO er fin Kelly.....

I farta......



Ted viser korleis eit skikkeleg felt skal sjå ut...

Vel eg har ikkje fritidsproblemer det er i allefall sikkert. Dei siste vekene har gått i ein røyk med kursing, jobb og trening. Berre for å gi eit eksempel så såg forrige veke slik ut
- Mandag : Jobb, middag, lekser, kurs
- Tysdag : Jobb, middag, lekser, trening med mine søte små
- Onsdag : Jobb, foreldrekonferanser, middag, lekser, nasedutter og så kjem kvelden fort på
- Torsdag : Jobb, middag, lekser, kurs
- Fredag : Jobb, middag, fotballtrening med gutta boys i klassen til Mathias ( eg er og fotballtrener på si, det er faktisk veldig kjekt).
- Lørdag : Tidleg opp, kurs i byn frå klokka 9 til halv to, vidare til Os for å gå kurs med Jan Egil og Jenny. Eg var heime klokka halv ti lørdagskvelden, eg treng vel ikkje seie korleis kvelden enda.
- Søndag : Kurs igjen frå 8.30 til halv to så videre på kurs til Os for nokre intensive timar saman med min beste makker TEd. KJekke og utfordrande kombinasjoner.
Eg var ikkje heilt i stor slag søndagen og det gjekk difor som det måtte gå, siste veka har eg holde senga, nesten ingen hundetrening......
Men litt tilbake til kurset med Jenni og Jan Egil, desse to instruktørane er utruleg dyktige til å observere, dei har konstruktive og gode innspel på alt du gjer. Dei hadde med gode kombinasjoner som verkeleg sette oss på prøve. Eg og Ted klarte oss bra, han har gode felter er veldig lydhør. Eg fekk jobba mykje med å runde hinder og så full fart videre i banen...Vi diskuterte og dette med timing og viktigheten av at våre signal må GI hunden tidleg informasjon om kor den skal videre. Sjølv om eg kjører Greg sitt system så var dette kurset på ingen måte bortkasta. Gode kombinasjoner, konstrukltive innspel på handling og utruleg blide og trivelige instruktører, tusen takk Jan Egil og Jenny.

Ellers så blir det trent jamnt og trutt både lydighet og agility (mest agility, det er slik det berre er). Eg får mykje skryt rundt omkring for vakre lille Kellymora, ho er veldig fin og kan nok bli ein god hund med tid og stunder. Vi skulle eigentleg gått klasse 3 lydighet på Stord til helga, men det kan eg berre gløyme slik form som eg er i no, men det kjem fleire sjansar sjølv om det er skikkeleg irriterande. Eg har no meldt ho på på Lillestrøm så får vi sjå korleis det går, ho begynner å utføre programmet veldig fint. Elles så nærmer NM i agility seg og eg og Ted ligg i hard trening, eg håper at vi verkeleg kan vise at vi er å rekne med, det er i allefall planen akkurat no, så får vi håpe at nervene heldt seg under kontroll. Kelly er og meldt på i hopp 2, og drar ho i havn ein 1 premiering der så er ho i hopp 3, i agility blir det nok 2010 før vi starter.
Vel dei siste dagane har det i allefall blitt tatt nokre bilete.....HA ei fin veke fortsatt alle saman.

1 kommentar:

Unknown sa...

Må passe på, så du ikkje slit deg heilt ut :) Lykke til på Lillestrøm :)