søndag 14. februar 2010

Forståelse = fart



Når eg reiser rundt på agilitystevner er det ein del folk som kjem bort og undrer seg over hundane mine at dei springer fort og har gode tider. Eg tenker at med god trening så kan ein god hund bli mange hakk bedre. Kelly er eit godt eksempel på ein hund som har brukt lang tid på å bli bekvem med å hoppe. Kelly er 46 cm på strømpelesten det vil seie at ho må hoppe ca 65 cm nesten 20 cm meir enn sin eigen høgde, ei lita stund holdt eg på og gi opp heile hunden når det gjaldt agility,når ho hoppa på høge hinder var ho totalt i ubalanse ho kasta seg over hinder og det lyste lang veg at ho var usikker på korleis ho skulle hoppe.
Eit vanleg hopphinder er det hinderet på agilitybanen som hunden møter mest, mange har den oppfatning av at eit hopp det er eit hopp og det må no hunden kunne, det er lett. Eg veit som tidlegare sprangryttar at dette slettes ikkje er tilfelle, det er klart at på hesteryggen får det ein heilt anna konsekvens når hesten er i ubalanse, du kan dette av og slå deg stygt. Det vil i realiteten seie at alle sprangryttere som har livet kjært trener hoppteknikk med hesten sin.
I hundeverden er dette heilt annaleis , det er akkurat som at folk ikkje tenker over at det med hund er like viktig, for å få ein rask og smidig hund og ikkje minst for helsa til hunden din. Ein hund som er konstant i ubalanse vil ikkje bli så smidig og ta seg så effektivt framover den vil og gjerne begynne å bruke seg feil belaste andre muskelgrupper, noko som kan føre til skader på sikt....Hunden sin hoppteknikk er avhengig av hunden sin psyke, kroppsbygning og tidligare læring som hunden har hatt i forhold til hoppning. En hund som hopper med bra teknikk legg vekta bakover og er balansert når den tar av. Hunden bør hoppe med lavt hovud og i utgangspunktet bør frambein og bakbein vere paralelle når hunden hoppar. Nakken på hunden bør vere høgaste punkt når hunden kjem over bommen. Det er likevel veldig viktig å tenkje på at og hundar som menneske har ulike stilar det er ikkje dermed sagt at det blir feil. Men eg er av den oppfatning av at hundar helst vil gjere rett. Hundane våre river ikkje med vilje, men dei må vite kva som blir krevd av dei. I eit hopp er det mange ting ein hund må lære seg å bedømme ; 1.veien , hunden må bedømme avstand og vite kor den skal satse før hinderet, kor mange steg trenger hunden for å finne riktig punkt for avspranget. 2. avhoppet, kor høgt er neste hinder, kor mange steg og kor mykje energi må hunden bruke i hoppet, er det ei rett linje eller skal hunden svinge. Viss hunden feks skal svinge er dette informasjon som hunden må ha før avsats på hinderet, hunden må då leggje inn eit ekstra steg. 3.vektforskyvning, i avhoppet skal hunden lene seg bakover og bruke bakbeina, det er realtivt vanlig at hundane blir tunge på forparten, at dei berre slenger seg over hinderet. All energi skal komme fra bakbeina, skyve hunden fram over hinderet. 4. vinkel på avspranget og 5. høgde, hunder er flinke til å rekne ut høgde, viktig å variere til ulike høgder slik at hunden lærer seg kor den skal ta av. 6. få balansen igjen etter landingen, etter at hunden har landa må den få igjen balansen så fort som mogeleg, ein hund som lander på forparten får ofte problem med å gjenvinne balansen, dette kan føre til riv og til at hunden bruker feil muskelgrupper... Som sagt med Kelly har hoppteknikken vore den viktigaste ingrediensen for at ho i dag utstråler stor sjølvtillit på agilitybana, ho hoppar 65 cm så lett så berre det....Ergo har hunden din forstålelse for korleis den skal gjere ting så kjem sjølvtilliten og med den kjem FARTEN og den er du avhengig av om du skal vinne på agilitybanen. Eg skal leggje ut ein filmsnutt med ulike hoppteknikk øvingar......

1 kommentar:

Ingerid sa...

Godt skrevet, Bodil!