tirsdag 3. september 2013

Snart et år sidan sist...

Tida fyk avgårde og eg ser det er snart eit år sidan forrige blogginnlegg. Det er ikkje fordi at det faktisk ikkje skjer noko i liva våre, det er vel snarare tvert om.
I sommar har det vore mykje agility, vi var ein heil gjeng i fra Bergen som reiste til Tsjekkia for å gå Moravia Open. Flott land og utruleg inspirerande og gå så mange flotte baner og ikkje minst sjå så mykje god agility. Ted var den einaste av mine hundar som kom med til finale, vi klarte det berre nesten, finalane gjekk seint på kvelden og som så mange gonger før så vil ikkje kroppen meir. Ted gjorde ein flott runde, men førar var ikkje heilt på nett. Men ein god opplevelse og ei god efaring. Eg skal ned igjen dit å gå agility.
Så gjekk turen oppover Europa til Sverige og oppdrettar Fanny Gott. Mykje god trening både i agility og gjeting og ikkje minst triveleg selskap. Vi gjekk konkurranse i Karlstad og Kelly fekk gode plasseringer 2,3 og femte plass, og det er ein god prestasjon om en tenker på at ho hadde ein handler som gjorde mange rare ting. Bolt var og kjempeflink og fekk med seg tre napp.
Så var det ein svipptur nedom Belgia for å gå i European open. Veldig triveleg selskap, gode baner og ein flott atmosfære. Ted var flinkast denne gongen og og kom med til finalen og blei til slutt nummer 33 av 487 store hundar. Kelly var nok ein gong veldig uheldig, veldig god hund men Shame about the handler. Turen gjekk nok ein gong opp igjen til Sverige og Fanny Gott for meir trening innan Nordisk mesterskap i agility. Men når helga kom som eg hadde gleda meg slik til så skulle det på ingen måte bli slik eg hadde håpa på. Helga slo til med migrene både lørdag og søndag, for meg og Ted så blei det ein trist affære. Eg fekk ingenting til. Eg reiste heim igjen til Norge med alt anna enn ein  god følelse, svikta Ted , meg sjølv og alle som faktisk hadde betalt for å sjå på. Det er berre at eg ingen ting kan gjere med det. Vel sommerferien er over innholdsrik og fin, masse gode opplevelsar og mykje ny lærdom som eg ikkje ville vore forutan.
Når det gjeld agility framover så veit eg ikkje, motivasjonen er ikkje på topp, det handlar ikkje om hundane mine. Eg er sliten, har mykje migrene og eg veit ikkje framover om eg klarar å kombinere alt. Det å reise rundt å konkurrere i tillegg til jobb, at vi har eit system som i Norge jobber i mot utøverne synes eg og er veldig trist. Det blir rett og slett for dyrt og å reise rundt og betale alt fra egen lommebok.
Men eg skal no putle litt på og trene når eg orkar så får vi sjå kva det blir til...

Ingen kommentarer: