søndag 9. november 2014

For the Win Ace

Tenkte eg skulle begynne å skrive litt fast om treninga med For the Win Ace. Han nærmar seg 2 år og ikkje veit eg kor tida har vorte av.
Eg har aldri hatt ein så flott hund nokon gong, sjølv om eg elskar resten av flokken betingningslaust. Men Ace er spesiell, han er vakker sterk og snill. Han fungerer heilt supert til allslags arbeide lydighet, gjeting og agility. Han går og mykje spor. Det er nokså travle tider så eg får nok ikkje trent så mykje som eg håper på, men eg har fått lagt eit godt grunnlag i både lydighet, agility og gjeting. Draumen er at eg skal klare å få Ace godkjent på gjeting. I lydighet har vi kome langt og eg håper berre det kjem eit lydighetsstevne som passer ei helg som det ikkje skal skje noko anna.

I agility har vi langt igjen, han er nok den av mine som har starta seinast på sin agilitykarriere, men eg veit at han kjem til å bli minst like bra som dei andre..


                                  Ace alltid like snill og blid.

Ingen kommentarer: