fredag 3. oktober 2008

Haustferie er topp....

Her er ein kombinasjon tatt frå ei VM bane, som de ser mange fine utfordringer....

Yes seier TEdden, agility ruler...


Lille Kelly har for det meste jobba litt med lydighet i dag + nasedutter...



Fine voffisane til Line til venstre pyrren Harriba, så Diesel og så sjarmtrollet Pippin (parson).

Flinke vovar er dei alle tre....


Ei veke med ferie ja den flyg, men akk så herleg det er å bruke dagane til nettopp det du vil.

Eg og Mathias har verkeleg kosa oss desse dagane med sykling, tur og sjølvsagt hundetrening..

Vi har og vore på besøk hos vætrinær, Kelly var så uheldig å springe rett i ein kant, heldigvis var det ingen ting gale men ho har halta litt i dag. I forhold til Ted så er ho eit råskinn som ikkje eig nokre hemningar så ho må nok passast godt på i framtida, ho er ein skikkeleg friskus....

I dag har eg og brukt tida på å trene hund, ein melding i dag tidleg frå Line gjorde at eg + tre hundar sette seg i bilen og vende nasa mot Bergen og agilitytrening...

I Bergen stod Line og Wenche klar med ein kombinasjon tatt frå ei VM bane. Ein kjekk kombinasjon med masse god handling, eg synes sjølv at eg fekk det godt til. Threadle arm har til tider vore litt vanskeleg fordi Ted går før han har fått ny arm, men i dag var han veldig fin både frå 7-8 og frå 8-9, var og veldig godt fornøyd med at det vart fin flyt frå 8-11. Eg har hatt litt problemer med å få fine overganger til threadles når det blir mykje handling.

Super økt det eg og fekk testa sjølvstendigheten hans etter pølsa 3-4-5.

Eg fekk og kjørt nokre nasedutter med Tedden på stigen, eg synes det ser bra ut... Line er veldig flink til å finne gode kombinasjoner å trene på, så er du i Bergen ta turen innom retreiverklubben....

Med Kelly har det mest blitt lydighet i dag, vi har trent luktdiskriminering, apportering, fri ved foten, og litt innkalling. Eg synes ho begynner å bli flink. Når vi trente fri ved foten datt ho ut nokre gonger. Ho var veldig opptatt av travhestane som sprang fram og tilbake nedi veien. Eg burde vere flink til å ha på ho lenke, men eg tenkte som alltid, skal berre trene litt.... Det med utholdenhet og konsentrasjon er vanskeleg. For Kelly har det vore veldig vanskeleg dei siste vekene. Det er viktig å jobbe i korte økter for å holde på både intensitet og konsentrasjon....Men eg føler verkeleg det går på fram.....



1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for en flott trening, blir det slik framover bør dette være lekende lett!;) He he...