søndag 11. juli 2010

Vegen vidare...

To månader sidan forrige blogginnlegg det er god statistik vel fritidsproblemer har vi ikkje. Det er i allefall veldig godt å ha ferie. Ferie betyr mykje kvalitetstid med familie og gode venner , og ikkje minst hundetrening...Når det gjeld agility så har det blitt nokre stevner siste stevne var på Oslo hundeshow der Ted gjekk fleire feilfrie løp. Eg og Ted har etterkvart blitt eit godt team ikkje i den forstand at vi alltid går feilfritt men det føles så bra når vi går det flyter og han er ein fantastisk hund å gå med han gir absolutt alt, eg elskar den hunden. No har eg og Mathias nettopp kome heim frå Lillehammer der vi har gått stevne det har nok ein gong gått opp og ned Kelly vann agility 1 over 48 hunder på fredag ho er herved då i klasse 2 i agility, eg har halde ho vekke frå agilitykonkurranse no i 2 mnd eg er veldig i tankeboksen når det gjeld feltene hennar skal eg fortsette med to av to på eller running. To av to på er veldig vanskeleg å administrere hunden skal kun løysast ut på kommando og ikkje på kroppen din, dette synes eg faktisk er vanskeleg. Ein anna ting eg synes er vanskeleg er at eg med Kelly heilt frå starten av har kjørt mykje handlingsbaner, det vi har møtt av konkurransebaner har vore det motsatte lange strekk rett fram det eg såg fort med Kelly var at ho snart blei meir opptatt av å springe enn å opprettholde kontaktfeltadferden dette er jo ikkje så rart når ho ikkje er vant til å møte slike baner på trening, og er det noko eg ikkje skal ha så er det ein hund som hopper kontaktfelter det er Kelly alt for god til. Det var då eg bestemte meg for å sløyfe agilitykonkurranser der banene berre handla om å springe fra tunnel til tunnel. Fredag så hadde Petter Nordlien laga ein suveren agilitybane, eg skulle berre ut å kikke litt på den og bestemte meg fort for at denne banen skulle meg og Kelly gå. Vel både handling og felter satt som eit skudd og Kelly vart vinner av klassen. Ho er to ulike hunder får eg baner som faktisk inneheld handling så går ho som ein drøm, får eg baner der vi to må kappspringe så fører det berre til at ho legg hjernen igjen på startstreken.Resten av helga har det berre vore rett fram og eit bytte i banene og då stod vi over og det angrar eg ikkje på. Så til eg veit heilt sikkert kva felter eg skal ha så skal eg ikkje gå agilitykonkurranser med Kelly. Det er utruleg mange som sliter med feltene, og kor lett er det for hundane når dei er dårleg grunntrente det blir forventa at dei skal springe det fortaste dei kan og etter 20 meter med kappspringing så skal hunden stoppe, hunden kan ikkje atferden godt nok og eigarane blir sure og sinte og spør oppgitt dette pleier då ikkje hunden min å gjere. Ein anna ting eg har sett meg forarga på er belønning av hunden etter løpet, det er utruleg mange som berre lenkar opp hunden og berre tar han med seg. Eg blei kraftig provosert i dag når det blei uttalt at leikane som låg rundt teltet burde ligge i bosset. Dette klarer eg berre ikkje å bli klok på er det heilt forferdeleg etter endt løp at hunden får springe til belønninga si , eg synes det motsatte er forferdeleg, hunden yter sitt beste og får ingenting i betaling.

Ted vann agility 3 og han begynner å bli suverent god i agility eg vil faktisk hevde at han har utruleg gode felter eg blei litt urettvist i dei andre løpa mine dømt for oppgang på stige og nedgangen på mønen til tross på at eg hadde det på film og at han heilt klart hadde feltet, det er veldig surt når vi går så god agility som vi gjer, men det er ingenting å gjere med det. Eg og Ted har hatt litt opp og nedturer denne våren. Vi satsa mot Vm uttak men der kom vi ikkje med på grunn av ateg var for seint ute med rabies vaksinen det var veldig leit for eg vil så gjerne vise at vi duger ellers har eg gått så mange gode løp i år men liksom ikkje blitt belønna for det, som Dorte brukar å seie det er nok nokon som vil teste din indre styrke , ja enkelte gonger føles det faktisk slik, men ein ting veit eg at bedre blir vi heile tida og eg er fast i trua på at vi skal lukkast. Eg har to utruleg gode hundar som eg kan nå verkeleg langt med og eg tenker å sette alle kluter til for å nå mine mål.

3 kommentarer:

Ingerid sa...

Tommel opp!

Dorte sa...

Jeg er så enig så enig! Gode tanker så løsner dette.....og det snart!

trippelm sa...

Stå på Bodil!! Vi heier på deg :-)